Om oss

om-oss.jpg

Vossasylv Jakob Rongve AS er ei familiebedrift med lange tradisjoner. Me kan i 2021 feire 45-år som stolte produsentar av framifrå bunadsølv. Me starta i det små, og har i løpet av åra utvikla bunadsølv til over 40 bunader. Alle delar til bunadsølvet vert produsert i eigne produksjonslokale på Voss.

Grunderen, Jakob Rongve, utdanna seg til gullsmed i 1972, og starta eigen produksjon av bunadsylv i kjellaren i sitt eige husvære i 1976. Firmaet vart sakte, men sikkert bygd opp, kjellaren vart etterkvart utvida, men i 1997 tok ein steget og flytta produksjonen til nye moderne lokaler på Palmafossen, rett utanfor Voss sentrum i Vestland. Vossasylv har igjennom 40 år utvikla seg til i dag å innehalde ein moderne produksjon av bunadsylv til heile landet. Tilsette tel i dag 6 stk, og 4 av desse er gullsmedar.

Bunad og produksjon av bunadsylv er ein tradisjon som står sterkt på Voss. Bunadsylvet symboliserer stas, glede og prydnad. Bunaden ber me stolt, og vakre, blenkjande syljer høyrer med. Me er stolte produsentar, og alle våre syljer vert produsert i eigne lokale.

Ekte norsk bunadsølv laga på Voss. Alle varer i ekte sølv skal vere stempla med innhald av sølv. For bunadsølv er 830S det vanlegaste. Det skal også vere stempla med ansvarsmerke, noko som viser kven som har laga produktet. Vårt ansvarsmerke er JR, initialene til grunderen Jakob Rongve. I dag driv 2.generasjon, Anne Kristin Rongve,  bedrifta vidare. Det er i dag viktigare enn nokon gong å få fram det ekte norske me driv med i alle ledd. Dette er varer av beste kvalitet, og skulle det oppstå skade pga feil i produksjonen, garanterar me reparasjon/erstatningsvare/ny vare.

Verkstad-2.jpg
Verkstad-1.jpg
Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×