Belteforslag nr 1

Dette belteforslaget passar spesielt godt til Nordfjord- bunaden.

Slik går du fram for å bestilla eit komplett belte:

1: Finn ut livvidda i cm – og dermed ferdig mål på beltet.
Dvs. kor mange cm du eller vedkomande måler rundt livet. Mål gjerne utanpå bunad for mest nøyaktig mål. Mål utanpå bunad er lik ferdig mål på belte. Har du mål utan bunad, må du legge til 2-3 cm.

2: Vel deg eit belteforslag*:
Under dette belteforslaget finn du nemleg den spesifikke oppskrifta på korleis rekne ut kor mange stølar du treng – så punkt 3.

3: Rekn ut talet på stølar:
Ta utg.punkt i ferdig mål på beltet, trekk i frå X cm for spenne og eventuelle borer (sjå kva dette vert under aktuelt belteforslag), og del på 3, då får du riktig antal støler.

4: Legg beltelist + antal stølar + spenne + montering i handlekorga og oppgje ferdig mål på beltet før du sjekkar ut, slik at me kan dobbeltsjekke at utrekninga stemmer.

5: Alle bunadsbelter vert levert i eigne belteesker. Sølvbeltet er pakka i beskyttande plasthylse for best mogeleg å ta vare på beltet. Oppbevar beltet ditt i denne, og gjerne i tett plastpose i tillegg.

Finn du ikkje «ditt belte» eller har du spesielle ynskjer, ta kontakt så ordnar me det meste.


* Alternativt:
Om du vil gjere nokre personlege endringar på nokon av belteforslaga er det linka opp både tilhøyrande produkt og alternative produkt som passar saman. (t.d. knivstøl, veskestøl, navnestøl, beltelist og spenner). Utrekninga vert likevel same så lenge du held deg innanfor produkta som er lista opp under kvart belteforslag og det talet på stølar som du reknar ut for dette beltet.

Slik finn du riktig tal på stølar til dette belteforslaget:

Til dette belteforslaget trekk du frå 20cm og deler på 3.

Døme:
Ferdig mål på beltet er til dømes 85 cm, trekk i frå 20 cm for spenne og borer, dvs. 65 cm i eksempelet, del på 3 cm som kvar støl måler, og du får 21,6, dette rundar du opp til 22 stk støler.
Ynskjer du veskestøl, knivstøl og/eller navnestøl, legg du det til i bestillinga, men hugs då å trekke i frå, slik at totalt antal stølar vert 22 stk.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×