Telemark har rike tradisjonar med bunader og draktsølv. Aust-Telemark er blandt dei stadane der dei fyrste bunadane kom i bruk allereie medan folk gjekk kledd i tradisjonelle folkedrakter. Det var den eldre draktskikken med raudtrøye som fyrst vart nytta som bunad. Bunaden er også kalla Raudtrøyebunad. Beltestakken frå Telemark er ein an dei mest populære bunadane i Norge, og har fått navnet sitt etter det breie brikkevevde beltet.
I Telemark finn ein særleg mykje filigransarbeid. Til Aust-Telemark bunaden er det vanleg med oksidert sølv. Du bruker ein halsring og/eller hornring og bøheradsring, slangesølje og bolesølje. Ein treng også mansjettknappar, 4 par maljer og kjede, beltespenne og eventuelt ring. Veskelås er også vanleg. Til herre; hornring med eller utan aks, knappar og mansjettknappar. Kniv, lommeur og kjede til er fint tilbehør. Kjede til hatten kan du også få.