Telemark har rike tradisjonar med bunader og draktsølv. Vest-Telemark herrebunad er inspirert av Vestlandets drakt-tradisjonar. Menn frå Vest-Telemark kunne gå over fjellet til Vestlandet, så truleg hat dei henta inspirasjon slik. Aust-Telemark har sterke drakt-tradisjonar, og gråtrøyebunaden som i dag er den mest populære, byggjer på klesskikken frå ca 1840-1900-talet.
I Telemark finn ein særleg mykje filigransarbeid. Til herrebunaden brukar ein hornring med eller utan aks, knappar og mansjettknappar. Kniv, lommeur og kjede til er fint tilbehør. Kjede til hatten kan du også få.