Vest-Telemark

Telemark har rike tradisjonar med bunader og draktsølv. Vest-Telemark bunaden kom i bruk tidleg på 1900-talet, og byggjer på draktskikken frå område på starten av 1800-talet. Bunaden har hatt fleire revisjoner opp igjennom åra, men etter 1950 er bunaden vorte meir standardisert i snittet. Broderimønsteret har fortsatt ulike samansetningar.

I Telemark finn ein særleg mykje filigransarbeid. Til Vest-Telemark bunaden er det vanleg med antikkforgylt sølv, også kalla gammelforgylt. Du bruker ein halsring og/eller hornring og bøheradsring og/eller slangesølje og bolesølje. Ein treng også mansjettknappar, 4 par maljer og kjede, beltespenne og eventuelt ring. Veskelås er også vanleg.  Til herre; hornring med eller utan aks, knappar og mansjettknappar. Kniv, lommeur og kjede til er fint tilbehør. Kjede til hatten kan du også få.

Filter

Lagre Nullstill
Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×