Bunadsbelte / Sølvbelte

Ynskjer du deg sølvbelte til bunaden din, eller kanskje du er ute etter ei gåve til nokon du har kjær? Kor mange stølar du treng kjem an på livvidda + kva bunad beltet skal brukast på ettersom spenner, stølar og eventuelt borer varierer mellom dei ulike belteforslaga. (Sjå difor unik oppskrift for å rekne ut talet på stølar til det belteforslaget du ynskjer å bestilla)

 

Slik bestiller du eit komplett belte.jpg

Slik går du fram for å bestilla eit komplett belte:

1: Finn ut livvidda i cm – og dermed ferdig mål på beltet.
Dvs. kor mange cm du eller vedkomande måler rundt livet. Mål gjerne utanpå bunad for mest nøyaktig mål. Mål utanpå bunad er lik ferdig mål på belte. Har du mål utan bunad, må du legge til 2-3 cm.

2: Vel deg eit belteforslag eller plukk produkta du ynskjer her *:
Under dette belteforslaget finn du den spesifikke oppskrifta på korleis rekne ut kor mange stølar du treng – så punkt 3.

3: Rekn ut talet på stølar:
Ta utg.punkt i ferdig mål på beltet, trekk i frå X cm for spenne og eventuelle borer (sjå kva dette vert under ditt aktuelle belteforslag som du finn her), og del på 3, då får du riktig antal støler.

4: Legg beltelist + antal stølar + spenne + montering i handlekorga. Oppgje ferdig mål på beltet i kommentarfeltet før du sjekkar ut, slik at me kan dobbeltsjekke at utrekninga stemmer.

5: Alle bunadsbelter vert levert i eigne belteesker. Sølvbeltet er pakka i beskyttande plasthylse for best mogeleg å ta vare på beltet. Oppbevar beltet ditt i denne, og gjerne i tett plastpose i tillegg.

Finn du ikkje «ditt belte» eller har du spesielle ynskjer, ta kontakt så ordnar me det meste.


* Alternativt:
Om du vil gjere nokre personlege endringar på nokon av belteforslaga er det linka opp både tilhøyrande produkt og alternative produkt som passar saman. (t.d. knivstøl, veskestøl, navnestøl, beltelist og spenner). Utrekninga vert likevel same så lenge du held deg innafor produkta som er lista opp under kvart belteforslag.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×