Ein grønare produksjon

– Med miljøvenleg Cristal cyanidfritt forsølvingsbad

868x495 gronare.jpg

I Vossasylv let me oss både inspirere og motivere av natur og miljø. Og sjølvsagt ynskjer me å gjere vårt for ein miljøvenleg og berekraftig produksjon.

Ein del av våre produkt vert forsølva for å få ei betre overflate og høgare glans. Det er vanleg at forsølvingsblada er cyanidholdige, men Vossasylv nyttar no eit forsølvingsbad som er heilt fritt for cyanid levert av K.A.Rasmussen på Hamar. Dette er mykje meir miljøvennleg både ved betjening av badet og for miljøet.

Hovudingrediensen i det cyanidfrie forsølvingsbadet er Kaliumkarbonat, som er det same som pottaske. Kaliumkarbonat vert mellom anna brukt til matlaging og dyrking av planter.

Det er viktig som produsent å tenkje miljø, både på arbeidsplassen og miljøet rundt oss i samfunnet. Ved å foreta slike tiltak, gjev det ein betre kvardag for oss alle!

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×