Gåve til konfirmanten

Det nærmar seg tid for konfirmasjon – den store dagen konfirmanten har sett fram til lenge. Konfirmasjonsdagen vert ein viktig og minneverdig dag for konfirmant, familie, slekt og vener. Ein vil gjerne gje konfirmanten ei gåve som varar livet ut, og kan knytast opp mot denne dagen.

868x495 gave til konfirmanten3.jpg

Bunadssølv og tilbehør til bunad eller anna finstas er ei ypparleg gåve til konfirmanten. Dette er tradisjonsrike gåver som konfirmanten kan nytta i festlege anledningar heile livet. 

Om du er usikker på kva jenta har av bunadssølv allereie anbefaler me tilbehør som hårstrikk med nydelege søljer, ring, øyrepynt eller eit flott anheng inspirert av trdisjonsrikt bunadssølv.

Guten har kanskje ikkje vakse i bunaden enno, men eit skikkeleg lommeur gjer seg også godt til konfirmasjonsdressen. Bunadskniv er også ei populær og flott gåve til guten.

Og ekstra stas vert det vel om guten får mansjettknappar i bunadssølv som han kan bruke til skjorta i dressen og seinare kan nytta vidare i bunadsskjorta når den tid kjem!


Vossasylv ynskjer dykk ein flott og minnerik konfirmasjonsdag!

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×