Det vert jul i år også!

2020 har vore eit spesielt og uføreseieleg år som har vore vanskeleg å planlegga for mange.  No står jula for tur, og også denne er kanskje litt vanskeleg å planlegga i år? Men ein ting er iallfall sikkert; det vert jul i år også!

jul-3.png

Vossasylv ynskjer alle ei god og trygg førjulstid. I år synar me omtanke ved å halda avstand og å halda oss heima. No er det ekstra kjærleik og omtanke i å handla julegåver på nett og i god tid for å unngå julestress i store folkemengder.   

Me har ny nettbutikk som legg til rette for nettopp dette. Her finn de eit stort utval av bunadsølv til dei fleste bunadane i landet. Du finn også ulike brosjer, og anna tilbehør som ringar, øyrepynt knivar og lommeur.

Å handle norskprodusert og lokalt er ei flott oppmoding, og hjå oss handlar du rett frå produsent. Voss har lange tradisjonar for bunad og bunadsølv. Bunadsølv er ei flott og berekraftig gåve som varar i generasjonar og ber med seg minner frå festlege dagar!

Unngå trengsel og sats på ein trygg og enkel julegåvehandel i år. Bestill i god tid og få varene rett heim i di eiga postkasse. Me utvidar returretten på alle bestillingar i november og desember. Julegåvene som er kjøpt frå nettbutikken vår kan dermed bytast eller returnerast heilt fram til 20.janunar 2021.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×