Bunadsølv

Ekte, norsk bunadsølv av kvalitet, får du hjå Vossasylv med rask levering heim til deg!   

868x495-bunadsolv.jpg

Kunnskap og erfaring
Familiebedrifta Vossasylv har produsert bunadsølv i generasjonar. Me viderefører og ivaretar lange tradisjonar, erfaringar og kunnskap når me produserer bunadsølv av høg kvalitet til over 40 bunader over heile landet.

Kvalitet
Sølv til våre tradisjonsrike bunader og folkedrakter skal vara livet ut, og gjerne gå i arv. Då er det lurt å vere bevisst på kvalitet og opphav når ein kjøper bunadssølv. Ein kan fort verta lurt av rimelegare bunadssølv som gjerne er produsert i utlandet med eit heilt anna formål enn å sikra deg flotte kvalitetsprodukt. Husk at bunadsølv til norske bunader sjølvsagt er designa i Norge, men kvar og korleis er det produsert? 

Garanti og trygghet
Vossasylv ynskjer å vera ein trygg produsent og leverandør av bunadsølv. Hjå oss vert alle delar til bunadsølvet produsert i eigne produksjonslokaler, på Voss. Alle varer er stempla med ansvarsmerke, JR, og finhetsstempel for sølv 830S. Dette garanterar innhald og opphav, og våre kundar kan vera trygge på at me leverer varer av beste kvalitet. Våre produkt skal vera av beste kvalitet, og det skal vera trygt å handla hjå oss. Skulle det mot formodning oppstå ein produksjonsrelatert feil garanterar me reparasjon eller ny vare.

I nettbutikken finn du søljer og brosjerspenner, borer og borenåler, maljer, kjeder og spyd, mansjettknappar, knappar, beltestølar, veskelås, sølvbelte/bunadbelte/konebelte og dalar/agnus dei til norske bunadar over heile landet –  og produkta er sjølvsagt norskprodusert i eigne produksjonslokaler på Voss.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×