Ta vare på bunadsølvet

Bunadsølv held seg finast om du oppbevarer det i ein tett plastpose. Unngå å ha gummistrikk rundt, den kan setje svarte merker på sølvet. Knappar, maljer og anna som er sydd fast i bunaden, kan du event dekke med plast, eller du kan oppbevare heile buanden i pose.

Alt bunadssølv treng litt vedlikehold ettersom det etter ei tid i bruk, vil miste litt av glansen og kan oksidere. Men det er enkle grep ein kan gjere for å få tilbake glansen. Les våre tips under: 

868x495-vedlikehold.jpg

Slik får du tilbake glansen i bunadssølvet: 

Bunadssølv som ikkje er sydd fast i bunaden kan enkelt rensast med lunka vatn, Zalo og salmiakk. Bland 1 liter lunka vatn, 1 ts salmiakk og nokon dråpar Zalo i ein plastbolle/glasbolle. Legg bunadsølvet i blandinga og lat det ligge ca. 10 min. Bruk gjerne ein mjuk tannbørste for å få bort eventuelle flekker. Skyll godt av med reint vatn, og tørk. For å unngå tørkeflekker bruk til dømes ein hårfønar.

Vedlikehald av bunadsølv som er sydd fast i bunaden:
Sølv som er sydd fast på bunaden, eller bunadsbelte som ein ikkje kan rense i vassbollen, kan pussast med ein pusseklut for sølv. For å pusse knappar kan det vere ein fordel å bruke eit pussebrett. Ein får kjøpt slike pussebrett, men ein kan også enkelt lage dette sjølv:  

Klypp eit spor i for eksempel ei papp- eller plast plate (Eit plast lokk frå isboks er til dømes fin å bruke til dette). Sporet bør vere nett så stort at du får tredd den innpå knappen. Ved å bruke eit slikt pussebrett skånar ein bunadstoffet bak knappen.

Behandling hjå gullsmed
Om sølvet har blitt skikkelig mørkt og treng ein real overhaling, er det beste å levere det inn til gullsmeden. Med full rens og event forsølving, forgylling eller oksidering, vil bunadsølvet bli som nytt, og kan på nytt glede i lang tid framover.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×